page view image

BØN FOR FRED

EVENT INFORMATION
event image

BØN FOR FRED

Amalie Duesund- fløyte Rune Alver- piano

Solheim kyrkje Laurdag 20. august kl 19.00

Vi lever i ei tid med konflikt og ufred. Gjennom uminnelege tider har Aust- og Vest- Europa hatt spanande kulturutveksling. På denne konserten fokuserer vi på vår felles rike kulturarv.
Masfjorden kommune har teke imot flyktningar frå krigsherja Ukraina. Nokre av desse vil i løpet av konserten bidra og fortelja litt frå si historie.

Konserten går av stabelen dagen før Bjørn West-marsjen. Det blir naturleg å trekkja parallellar mellom det som skjedde her hjå oss under 2. verdenskrig og det som skjer i Ukraina nett no.

Billett ved inngangen: Kr 200. Under 15 år gratis
Arr: Masfjorden kommune/ Sommarscena