page view image

Tryllefløyta – ei musikalsk reise i folketru og mytar frå Nordhordland

Velkomen til ei stemningsfull musikkstund der tonar og forteljingar møtest. I programmet “Tryllefløyta” tek vi publikum med på ei reise inn i segner, folketru og minne frå Nordhordland – forteljingar mange vil kjenna att frå eigen oppvekst, eller frå tufter og landskap vi alle har eit forhold til.

Information
event image

Tekstar frå Kjersti Isdal si bok “Segner frå Nordhordland,” vert vevde saman med velkjende melodiar frå den klassiske musikktradisjonen og moderne klangar, til dømes av komponisten Torstein Aagaard-Nilsen frå vårt eige område.

Her er rom for både alvor og humor – og for å minnast, kjenna att og berre lytta.

Om musikarane

Amalie Duesund, fløyte er fløytist frå Alversund med klassisk utdanning frå Barratt Due musikkinstitutt og Norges musikkhøgskole. Ho har brei konsert- og orkestererfaring.

Rune Alver, pianist er frå Alversund og har ei lang og rik kunstnarleg karriere. Han har gjeve ut ei rekkje CD-ar og har ein brei konsertaktivitet.

musikk fortelling klassisk folkemusikk

Waiver

Billettar på Ticketco og i kontant/ Vipps i døra kr 250,- Kjøpte billetter refunderes ikkje