Tryllefløyta - ei musikalsk reise i folketru og mytar frå Nordhordland

Velkomen til ei stemningsfull musikkstund der tonar og forteljingar møtest. I programmet “Tryllefløyta” tek vi publikum med på ei reise inn i segner, folketru og minne frå Nordhordland –forteljingar mange vil kjenna att frå eigen oppvekst, eller frå tufter og landskap vi alle har eit forhold til.

page view image
Arrangementsdato

søndag 9 aug 2026 13:00

Slutter søndag 9 aug 2026 14:15
BESTILL

Tilgjengelige varer

ticket item
Tryllefløyta
Ei musikalsk reise i folketru og mytar frå Nordhordland
event image

Arrangementsinformasjon

Tekstar frå Kjersti Isdal si bok “Segner frå Nordhordland,” vert vevde saman med velkjende melodiar frå den klassiske musikktradisjonen og moderne klangar, til dømes av komponisten Torstein Aagaard Nilsen frå vårt eige område. Her er rom for både alvor og humor – og for å minnast, kjenna att og berre lytta.

Billettar kr 250,- på Ticketco og i døra                                                                                                          Barn og unge under 18 år GRATIS

Om musikarane

Amalie Duesund, fløyte er fløytist frå Alversund med klassisk utdanning frå Barratt Due musikkinstitutt og Norges musikkhøgskole. Ho har brei konsert- og orkestererfaring.
Rune Alver, pianist er frå Alversund og har ei lang og rik kunstnarleg karriere. Han har gjeve ut ei rekkje CD-ar og har ein brei konsertaktivitet.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar refunderest ikkje

Organizer
Rune Alver Pianist